torsdag 18. juni 2009

Containersex


Dei hadde pult oppetter ein container. På veg fra festen til butikken for å kjøpe røyk. Ho tenkte på om kjolen hennar vart skitten medan det stod på. Så ho lot seg kanskje ikkje rive fullstendig med. Resten av kvelden såg han berre skjelmsk på henne frå hjørnet av kjøkkenet. Som om han angra, han meinte visst det ikkje skulle skjedd og sa det. Han var ikkje typen til å gjere slikt, visst. Ho sa at det kunne han kanskje tenkt på før han forsvann under kjolen hennar. Han hadde tenkt på det litt, sa han. Før, altså. Men han greidde ikkje la vere. - Om du berre ikkje hadde bøyd deg slik at eg såg blondekanten på strømpene dine under kjolen idèt du tok på deg skoa... Sa han. - Beklager dèt, altså. Alt er min feil. Det var på ingen måte meininga å utfordre viljestyrken din på den måten. Og sjølv om det var ein glipp frå mi side - for det var sjølvsagt ikkje planlagt å nærast tvinge deg til å måtte sjå det.. Sa ho. Han sa irritert at han tok poenget. Fint, sa ho, så skal vi gjere det ein gong til, då eller? Eg følte vi ikkje fekk det heilt til første gongen. Ho la merke til at han nølte litt. Så ho bøyde seg ned og tok på seg skoa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar